Øvingskjøring klasse A og A1 (motorsykkel)
Øvingskjøring må ikkje vere til
fare eller unødig ulempe for annan trafikk!
Berre den som har gjennomført
trinn 1 - trafikalt grunnkurs har lov å øvingskjøre . Dette kurset skal gje
grunnleggjande forståing for trafikk og vere utgangspunkt for vidare opplæring.
Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen,
kan du ta det i 10. klasse, sjølv om du ikkje har fylt 15 år.
Har du alt
førerett i ei anna klasse kan du øvingskjøre i klasse A eller A1 utan å ta
trafikalt grunnkurs. NB! Har du førerett i klasse M 146, S eller T må du likevel
ta mørkekjøring og førstehjelp før du kan gå opp til førarprøve!
Du som
skal øvingskjøre i klasse A må vere 16 år, og for klasse A1 må du vere 15 år .
Du har ikkje lov å øvingskjøre dersom politiet har gjeve deg sperrefrist for
førarkort.
Når du øvingskjører må du alltid ha med deg bevis for fullført
trinn 1 - trafikalt grunnkurs og legitimasjon med bilete, eventuelt førarkort
eller mopedførarbevis. (Førerett i klasse M 145 gjev ikkje rett til
øvingskjøring utan at du har trafikalt grunnkurs!)
Den som er med deg må
vere fylt 25 år og ha hatt førerett for slik motorsykkel som du øvingskjører med
utan avbrot minst dei siste 5 åra . Det er den som er med deg, som er ansvarleg
for kjøringa, men du som øvingskjører har også ansvar. NB! Den som er med deg og
øvingskjører privat, kan ikkje ta betaling, det er det berre trafikklæraren som
kan gjera.
Er du under 19 år, må du bruke mellomtung motorsykkel når du
øvingskjører for klasse A. Det er motorsykkel som ikkje har effekt over 25 kW
eller ikkje meir enn 0,16 kW pr kg eigenvekt, jf førarkortforskrifta § 2-2. For
øvingskjøring til klasse A1, må motorsykkelen du har lov å øve med vera
registrert som lett motorsykkel, sjå i vognkortet.
Ved øvingskjøring med motorsykkel på veg eller andre
område som ikkje er avsperra, skal den som er med deg sitja på motorsykkelen og
kunne instruere deg via tovegs kommunikasjonsutstyr. Har motorsykkelen
som du øvingskjører med sitjeplass berre for føraren, må den som er med deg
kunne instruere gjennom tovegs radiosamband eller liknande, i tillegg til å ha
visuell kontakt.
Øvingsområdet må veljast etter kor langt du er komen i
opplæringa. Du har ikkje lov til å øvingskjøre i utlandet.
På avsperra område eller øvingsbane er det lov å
øvingskjøre når den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere
deg.