Vedtekter for Kvinnherad Motorsykkelklubb

Paragraf Vedtekt
§1 Formål: Samle folk i kommunen med interesse for motorsykkel.
§2 Einkvar som innordnar seg i klubben, kan bli tatt opp som medlem. Alle medlemmer har stemmerett på årsmøtet.
Eit medlem som ikkje inrettar seg etter klubbens vedtekter, kan miste medlemsskapet, dersom
2/3 av medlemmene stemmer for det.
§3 Kontingenten betalast på forskot innan 1. mars. kontingent vert bestemt på årsmøtet.
§4 Årsmøtet vert halde i januar eller februar, kvart år, med denne sakslista:
  1. Årsmelding
  2. Rekneskap og kontingent
  3. Vedtekter
  4. Innkomne saker
  5. Val av styre
§5 Ekstraordinert årsmøte vert halde når styret bestemmer det, eller når 1/3 del av medlemmene krev det.
§6 Medlemsmøte vert halde når styret finn det nødvendig.
§7 Klubben vert leia av eit styre beståande av: Leiar, nestleiar. Kasserar og fire styremedlemmer.
§8 Styrets ansvar:
  1. Leiar har den daglege drifta av klubben.
  2. Nestleiar er leiar dersom leiaren er fråverande.
  3. Kasserar fører klubbens rekneskap, og disponerar klubbens bankkonto.
  4. Styremedlemmer møter på styremøtet.
§9 Lovendringar kan berre gjerast på årsmøtet, eller ekstraordinert årsmøte, og krev 2/3 fleirtal frå dei frammøtte.
§10 Oppløysing av klubben kan vedtakast på årsmøtet, eller ekstraordinert årsmøte med 2/3 fleirtal frå dei frammøtte.
Klubben sine eigendelar og eigedom skal seljast. Og overskot frå sal skal gå til norsk luftambulanse.